Arkiv | november, 2013

Bokkveld

7 Nov

Onsdag 23 oktober hadde me ein fin kveld i Storsalen til Garborgsenteret. Haustens bøker vart presentert av Margrethe Orre frå Norli, ho hadde og med seg bøker for sal, så mange fekk med seg ei bok å lesa i haustmørket. Kjell Arild Pollestad snakka om jærske mattradisjonar i samband med kokeboka si «Jærsk kokebok» . Mange i publikum trakk på smilebandet av Pollestad sine gode kommentarar. Bjor Bohne og Karin Hodne frå Fanteføle hadde ein musikalsk sekvens med nydeleg song og gitarspel. Eplekake frå Garborgstova passa perfekt denne haustkvelden. Med ca 35 betalande gjester er me nøgde med kvelden, og ser fram til fleire tilskipingar på nyåret.

IMAG4931           IMAG4933